10 oktober 2006

Vestlandets Historie 1

Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga – frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning – har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom tre–fire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting.

360 sider

Bestill >>

Ingen kommentarer: