10 oktober 2006

Vestlandets Historie 2

Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag.

420 sider

Bestill >>

Ingen kommentarer: